Exercise #1, Fusion 360, Des2
by Reidar_Vik in Teachers > 3D Design
742 Views, 0 Favorites, 0 Comments
Exercise #1, Fusion 360, Des2
This exercise is a great way to hone your skills as a starter with fusion 360.
We will make a cube, do some cuts, add chamfer and finally add some text.
You will learn to:
1. Sketch lines, forms and construction lines
2. Set dimenstions
3. Use chamfer / fillet
4. Put text on a face of an object
The following will be in norwegian, but hopefully it will be usefull for the rest of the world too.
Supplies
Fusion 360 for education can be downloaded here:
https://www.autodesk.com/products/fusion-360/students-teachers-educators
1. Tegn Grunnflata
1. Det første du bør gjera når du begynner på eit nytt prosjekt i fusion 360 er å lagra det. Klikk på disketten og gje arbeidet ditt eit namn.
2. Så bør du laga ein ny komponent (new component) - sjå bilete
3. Velg så sketch-verktøyet (ikon med grøn pluss), velg ei av flatene, velg rektangel - center rectangle og teikn ein firlkant NB! Begynn i midten av biletet. Klikk. Gå til dimensjon (D på tastaturet) klikk på ei av linjene og skriv inn 50mm. Gjer det på den neste linja og.
4. Klikk finish sketch.
#2 Lag Kuben
1. trykk E (extrude) på keyboardet.
2. skriv inn eller dra i pila til 50mm.
3. Klikk OK i boksen til høgre
#3 Teikn Det Som Skal Kuttast Ut
1. Velg new sketch (grøn pluss)
2. Velg ei av sidene på kuben til å teikna på
3. Teikn ein firkant. klikk.
4. Bruk dimensjonsverktøyet (D)
5. klikk heilt nedst til høgre på kuben og heilt nedst til høgre på firkanten din. Dra ut.
6. Skriv inn 50/4. Enter. (Forklaring: Kuben er 50mm. Deler vi den i fire får me ein passe avstand til ytterkanten. )
7. Me skal ha same mål på andre sida og frå toppen av firkanten til toppen av kuben. NB! Du kan skriva inn den same formelen alle desse plassane, MEN du kan og klikka på den første dimensjonen du skreiv inn og så enter. Då vil dei vera like. Om du endrar på den første vil den andre dimensjonen og endra seg.) Gjer dette på det tredje målet og. Sjå bilete.
8. Finish sketch
#5 Kutt Ut Frå Sketch
1. Velg fikranten du teikna. Den skal bli blå.
2. Trykk E
3. Dra pila heilt igjennom figuren. Det skal bli eit raudt hol. (om det ikkje blir raudt må du sjekka i boksen til høgre at det står CUT på operation.
4. trykk OK
5. No skal du gjera #4 og #5 på den andre sida av kuben.
NB! Om du rotar deg bort trykkjer du på ESC og/eller på det vesle huset oppe i høgre hjørne.
#6 Lag Chamfer På Toppen
1. Gå på drop-down menyen på MODIFY - chamfer
2. klikk på dei kantane du vil ha chamfer på (chamfer er ein skrå kant)
3. Skubb pila så langt du vil eller skriv 3 i boksen som kjem opp.
4. klikk OK
#7 Text På Toppen + Kutt
1. New sketch
2. I CREATE drop-down meny velgjer du text
3. Følg med på kva som skjer i boksen som dukkar opp. Velg flate.
4. Skriv inn tekst i ruta og velg ein skrifttype/font
5. Dra teksten til der du vil ha den - OK
6. Må du flytta på den trykkjer du M på tastaturet, velgjer skrifta og flyttar. OK
7. Finish sketch
8. Trykk E
9. Velg teksten (blå farge). Skriv inn 2mm eller -2mm. Sjekk at den kuttar. (Om du vil ha teksten til å stå ut av kuben er det ok. ) OK
#7 Ferdig
Gratulerer! Du har fullført øvingsoppgåva.
Ta skjermbilete frå fusion 360 og lever til læraren din.